
Innhaldsdesignar og foredragshaldar
@susmumrik
Susanne Egset
Susanne heldt foredrag på Y Oslo i 2023, og var konferansier i 2024
Susanne Egset er ein innhaldsdesignar med lang erfaring i å utvikle digitalt innhald som er enkelt å finne, forstå og bruke. Ho er også foredragshaldar, moderator og har i tillegg vore konferansier på store konferansar som Y Oslo og Social Media Days.
Bakgrunnen frå journalistikk, kommunikasjon, PR og over åtte år i designbyrået Netlife har gitt ei variert og inngåande erfaring med både offentlege og private verksemder, gjennom både intensive nettside- og designprosjekt og langsiktige, tverrfaglege produktteam.
Ho er opptatt av formidling, og er kjent som ein fagleg god og underhaldande foredragshaldar og kursleiar, med eit godt blikk for struktur og språk i tillegg til god kunnskap om om organisering, metodikk og produktutvikling. Nyleg blei ho sertifisert SCRUM Product Owner.
Sjå eit lite utval prosjekterfaringar som innhaldsdesignar i Netlife.
Erfaringane frå Netlife dannar grunnlaget for utgjevinga av boka Design med ord – ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving. Boka er tufta på eigne og kollegaers erfaringar frå arbeid med digitale tenester, og er skriven for alle som utviklar produkt og tenester som folk skal bruke.
Frå september 2025 jobbar Susanne som innhaldsdesignar i Politiet.
Nokre glimt frå faglege arenaer
Foredraget Design med ord på Y Oslo 2024
Deltakar i Podcasten Nerding med Netlife om innhaldsdesign (april 2024)
Moderator av fagprat om innhaldsdesign (mars 2025)
Moderator av fagprat om klodevenlege løysingar (september 2024)
Paneldeltakar i fagprat om UX-skriving (oktober 2022)
I media
Intervju i Digi.no “Sjekk disse skrekkeksemplene på digitalt design”
Intervju som Ukens designer i UX Norge
“Eg har sett meg lei på dårleg og uforståeleg språk” (Møre Nytt)
Innlegg i Dagens Næringsliv: “Skal stortingsvalet avgjerast på Facebook?”