Foredrag, kurs og workshops

Treng du ein foredragshaldar til eit stort event, eller eit kurs for ein liten kollegagjeng som vil lære meir om innhaldsdesign?

Susanne kombinerer kunnskap, humor og inspirasjon i sine foredrag, kurs og workshops, og tilbyr både generelle og skreddarsydde opplegg, fysisk og digitalt.

Ta kontakt

Susanne har lang erfaring i å halde foredrag for både store og små publikum. Send ein e-post til susanne@designmedord.no eller bruk kontaktaskjeamet om du er interessert i å bestille foredrag eller kurs.

Eit utval foredrag

  • Ta orda på alvor!

    Er du lei av at orda blir nedprioritert når det skal utviklast produkt og tenestar? Dette inspirasjonforedraget om kunsten å designe med ord søker å røske litt i gamle tankesett, og få folk til å slutte å stappe tekst inn i tronge rammer etter at det meste av den digitale tenesta er ferdig.  

    • Sjå ein variant av foredraget som Susanne heldt for 1000 publikummarar på konferansen Y-oslo 2024 her (Youtube)

  • Frå klarspråk til effekt

    Kvifor er det så vanskeleg å skrive godt? Kanskje det er fordi du klarspråkifiserer innhald som aldri burde ha blitt laga i utgangspunktet. Dette er eit foredrag som tek publikum med under overflata av digitalt skrivearbeid, som lærer publikum å løyse opp i flokene som ofte er årsaka til at det går skeis. Det handlar om å løfte blikket frå intern logikk, og byrje å ta brukarane på alvor, prioritere rett og dokumentere effekt. Foredraget er laga hovudsakleg for offentleg sektor, men passar for alle. 

  • Ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving

    I dette foredraget, som også kan haldast som eit halvdags kursopplegg inkludert oppgåver i par og grupper, lærer du å tenke som ein innhaldsdesignar, og å jobbe med tekst for å løyse problem. Vi går innom mål, målgrupper og brukaroppgåver, metoder for brukarinnsikt, brukarreisekartlegging, kjernemodellen og korleis behandle tekst som samtale. Foredrag og kurs passar for alle som har lite erfaring med innhaldsdesign, men som jobbar med å formidle bodskap til brukarar gjennom tekst.