Design med ord

Innhaldsdesign og UX-skriving er..

  • designmetodikk med rett blikk:

    Ord er designkomponentar som skal rettleie folk gjennom digitale tenester og produkt, i tillegg til å bidra til å oppnå mål for avsendaren.

  • brukarorientering i praksis:

    Vi planlegg, lagar og forvaltar innhald basert på innsikt, ikkje synsing. Det handlar mindre om språkreglar og meir om brukaropplevinga.

  • å designe samtalar:

    Gode grensesnitt oppfører seg som gode samtalar. Dei forstår, svarar og hjelper, utan unødvendig friksjon.

Lærebok om innhaldsdesign og UX-skriving

Boka Design med ord - Ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving (2023) lærer deg å kombinere designmetodikk med skrivehandverket og bruke tekst og språk for å rettleie folk gjennom digitale brukargrensesnitt.

Anten du er god til å skrive frå før og vil lære deg å bruke handverket ditt i design og tenesteutvikling, eller du er ein designar som vil utvide verktøykassa di og bli betre til å skrive brukarorientert: Denne boka skal sette deg i stand til å ta rolla som innhaldsdesignar frå start til slutt i ein designprosess.

Kurs og foredrag om innhaldsdesign

Jo fleire innhaldsdesignarar og UX-skribentar vi er, jo betre produkt blir laga. Susanne har lang erfaring i å halde foredrag, kurs og workshops om innhaldsdesign og UX-skriving, både på store scener og i små møterom - og digitalt.